På garden Sul, i nærleiken av Stiklestad, bur ein fredsam bondefamilie som helst vil dyrke marka si og greie utmed sine private konfliktar og relasjonar aleine. I staden hamnar dei i sentrum for veldige hendingar og striden om makt over land og rike i ei tid der både rett tro og rett side i kampen kunne vere skiljet millom liv og daude.
Bonden, Torgeir Flekk og kona, Gudrid, er glade i kvarandre, men dei bèr på ein løyndom som riv og slit i samlivet deira. Då den yngste dottera deira, Gudrun, er fem år, føder Gudrid eit vanskapt barn, som ikkje har livet sine moglegheiter i seg. Den vesle jenta blir vitne til at gamlekona på garden, Grima, bèr barnet ut i skogen til ein naturleg daude, noko som den gongen var sameineleg med dei heidenske skikkane.
Torgeir, som har akseptertden kristne trua, kan aldri tilgi Gudrid for dette, samstundes som ho meiner at inkje anna var mogleg. Under oppveksten blir vesle Gudrun utsett for denne usemja millom foreldra, ofte med store kranglar, og blir eit barn som lengtar etter fred, og som ofte meklar og legg seg i, når konfliktane blir for handgripelege. Den trufaste støtta og hjelpa hennar i slike vanskelege situasjonar er Gammal-Jostein, den blinde faren til Torgeir. Han fortel segn frå gammal tid og lærer henne songer som ikkje er sameinelege med kristen tru, men som gir henne poetiskevisjonar om korleis livet kan levast og bli forstått.
Nokre år seinare, ein sommardag i juli 1030, kjem den store konflikten til garden Sul. Det ryktast at Olav Haraldson er på veg frå Gardariket for å erobre tilbake makta han mista i 1028. Dette liker bøndene dårleg ettersom dei har fått sjølvstende og fridom under ladejarlane. Svogeren til Gudrid, Torgeir Kvistad og sonen Halle, kjem til Sul for å høyre om dei kan få støtte av Torgeir Flekk til å gå mot Olav som no er på veg for å ta tilbake herredømet over landet. Han fortel at ein stor bondehær og mange skip ligg og ventar på slaget som må kome. Torgeir Flekk vel utan omsyn til dette å stå på sida til Olav, og Kvistadbonden og sonen rir derifrå med uforretta sak, Halle endå meir rasande enn faren av di han blir gjort til narr medan han freistar å spele forførar overfor unge Gudrun.
Tormod Kolbrunarskald kjem gåande til fots og fortel folket på Sulat kong Olav er på veg og vil måtte overnatte på garden. Torgeir vil ønskje kongen velkomen, Gudrid nektar å være høveleg mot ein inntrengar som urettkoment vil rive til seg makta over frie bønder. Gudrun går millom i krangelen til foreldra, men lykkast dårleg i å sameine dei.
Olav kjem med ein sliten hær og slår seg ned på tunet. Og medan hæren tar seg til rette og Olav manar mennene sine til kamp, kjem Arnljot Gelline, ein høvding frå Jämtland, og byr fram si støtte. Olav tek imot på det vilkår at Arnljot let seg døype, noko svensken ikkje finn så merkverdig så lengje han får slåst. Krigshissinga og våpengnyet gjer Gudrun uroleg. Ho byrjar å syngje for å finne trøyst i det ho opplever som ein truande situasjon og ho spår at Olav vil kome til å tape slaget.
Olav blir nyfiken på det vevre vesenet som syng så vakkert, men mistenksam av di ho syng songer som ikkje er i trådmed kristen tru. Han får høyre historia om barnet som vart bore ut iskogen, blir opprøyrt og vil straffe alle på garden. Han gir seg først når han forstår at Torgeir er ein kristen mann som byr fram seg sjølv og sine søner som hærmenn. Natta fell på. Hæren kviler. Ved morgongry dreg hæren frå garden for å møte bøndene i kamp på Stiklestad. Medan kvinner og gamle som har vorte igjen på garden ventar, kjem meldingaom at Olav er daud og mange menn er falne.
Det gjekk likevel slik Gudrun hadde spådd. Medan roa senkar seg over Sul kjem seierherrane feiande inn på garden for å leite etter Olavs lik. Og som vinnarar av slag har gjort til alle tider, så tek dei ut seiersrusen og overmotet sitt gjennom å fornedre dei som har stått på feil side i striden. Halle, som tidlegare vart vraka av Gudrun, vil tvinge henne til å danse og underkaste seg, men ho nektar og i raseri høgg han henne ned.
Grima, Gammal-Jostein og Gudrid står ribba igjen. Dei som skulle levd er daude.